Nelfo

Innhold

Frå ballett til elektro

Få baletthøgskole i Oslo til elektrikar i Sogn. Elise Lillestøl satser på elektrikarfaget.

Tekst: Lisa Mo

Var elektrofag førstevalet ditt?
Nei, før eg i det heile tenkte på elektrofag var eg gått ein heilt anna veg.
Eg gjekk først på danselinje i Ålesund. Så kom eg inn på Balletthøgskolen i Oslo, og tok bachelorgrad der over tre år.
Etter at eg kom til Oslo merka eg at det var eit veldig hardt miljø. Eg skjønte tidleg at dette ikkje var eit yrke eg kom til å bli i, men eg ville fullføre utdanninga mi i alle fall.

Korleis blei du kjend med elektrofag?
Etter Balletthøgskolen brukte eg litt tid på å finne vegen vidare, så eg tok nokre kurs og begynte å jobbe på sjøen som messepike. Dette var ein veldig kjekk jobb! Ein periode var eg på ein båt som hadde ein ROV-robot. Dette er ein fjernstyrt undervannsrobot som ein styrer frå båten. Eg fekk vere med å sjå på dette og blei kjempeinteressert! Då fann eg ut at automatikar var det eg skulle bli.

Kva var familien sin reaksjon?
Familien var med på laget, automasjon er jo framtida!

Kva gjorde du når du skulle begynne «på nytt» som vaksen?
Eg måtte legge ein plan sidan eg hadde brukt opp ungdomsretten min. Det kom til å bli vanskeleg å komme inn på ordinært skuleløp når nesten alle andre søkarar kom før meg.

VG1
Eg tok kontakt med ein lærar på vidaregåande skule som fortalde at han kunne flette meg inn som hospitant i TIP undervisninga. Eg var berre med på programfaga på skulen, fellesfaga hadde eg allereie hatt på danselinja tidlegare.
Eg trengte òg praksistimar, eg tok kontakt med ei lokal bedrift og fekk dekke dette der.
Slik tileigna eg meg mest mogleg av faget før eg tok privatisteksamen for VG1 TIP etter berre eit halvt år.

VG2
Deretter reiste eg til ein vidaregåande skule i Ålesund og spurte om å få hospitere i VG2 Automasjonfaget. Først fekk dei det ikkje til å gå opp, men til slutt fekk eg vere litt med dei slik at eg vart klar for AUT VG2 privatisteksamen etter enda eit halvt år. Det var hardt!

Ville du ta VG3 som privatist og?
Nei, eg synes teorien var krevjande på så kort tid. No hadde eg brukt berre eit år på både VG1 og VG2. Derfor søkte eg på fleire skular med VG3 Automasjon for å satse på ordinært løp siste året. Gjett om gleda var stor då eg fekk svar frå skulen i Årdal! Dei hadde to ledige plassar og ville gjerne at eg skulle komme.

Korleis var overgangen frå privatist til vanleg elev?
Når eg begynte på vanleg skulegang i Årdal skjøna eg kor langt bak eg låg dei som hadde gått ordinært løp. Først etter eit halvt år med repetisjon og lesing (og god hjelp av lærarane) merka eg god framgang. Og når året var omme hadde eg god kontroll på faget. Dei har kjempeflinke lærere i Årdal!

Det sosiale på skulen?
Eg hadde ein fin klasse. Dei var veldig snille, og vi hjalp kvarandre mykje.
Når eg ikkje las til eksamen på fritida, var eg mykje på fjellet. Det er fantastiske toppar å gå i Årdal for ei som kjem frå småfjell på kysten!

Var det andre jenter i klassen?
Eg var veldig heldig, det var ei jente til som òg var litt eldre enn dei andre elevane. Vi fikk veldig god kontakt. Vi hadde kanskje litt meir same interessene utanom skulen ift med gutane.

Var det vanskeleg å få læreplass?
Eg søkte veldig mange plassar, mest ut mot sjøen. Eg ville bli ROV-pilot!
Men så fekk eg napp på Lerum i Sogndal, og valde å takke ja.
Dette viste seg å vere ein utruleg kjekk arbeidsplass, og lærekurva gjekk rett i taket!

Kva var best med å bli lærling?
Det var veldig nyttig å få sjå teorien i praksis. Det var så mykje relevant for faget. Transmittere, sensorar, motorar osv. På teknisk avdeling har ein mekanikar, elektrikar og automatikar, så eg fekk innsyn i alle faga. Her fann eg forresten sambuaren min og..

Kva gjorde du då læretida var slutt og fagbrevet i boks?
Etter læretida fekk eg tilbod om vikariat i nesten to år på Lerum, men då vart det for freistande når Caverion i Sogndal lyste ut fast stilling for automatikar.
Eg søkte, var på intervju og fekk jobben. Ein del av avtala var at eg skulle ta fagbrev som elektrikar hos dei. Då kan eg gjere ein mykje breiare del av arbeidet i deira bedrift. Så no held eg på med dette!

Mini CV:

Namn: Elise Lillestøl

Alder: 31år.

Stilling: Har fagbrev som automatikar, er no lærling i elektrikarfaget.

Bedrift: Caverion Norge AS, Sogndal.

Bur: Med sambuar og eit barn.

Fritid: Før gjekk eg mykje i fjellet. Etter at eg blei mor går eg meir i klatrehallen i Sogndal, det er enklare å kombinere med små barn.